Kalender
20 Januar
11:00 Gudsteneste, Bygstad kyrkje
15:00 Gudsteneste, Viksdalen kyrkje
27 Januar
11:00 Gudsteneste, Sande kyrkje
16:00 Konsert i Viksdalen kyrkje
03 Februar
11:00 Gudsteneste i Bygstad Kyrkje
10 Februar
19:00 Konsert i Bygstad kyrkje
17 Februar
11:00 Gudsteneste, Viksdalen kyrkje
24 Februar
11:00 Gudsteneste i Sande Kyrkje
03 Mars
11:00 Gudsteneste, Bygstad kyrkje
10 Mars
11:00 Gudsteneste, Viksdalen kyrkje

 

taarnagenthelg.JPG
Tårnagentar!

Kjære 8/9 åring -  bli med på Tårnagenthelg!

Laurdag og søndag 26. og 27. januar treng me tårnagentar til å løyse oppdrag og mysterium i Sande kyrkje.  Difor ønskjer vi 8/9 åringar (3.klasse) i Gaular velkomen til å bli TÅRNAGENTAR!

Agentmøte laurdag startar klokka 11.00 og vi held på til omlag klokka 16.00.  Frammøte i Sande kyrkje.  Gjer merksam på at laurdagen er berre for agentar!  Difor får du her ein hemmeleg kode du må kviskre ved frammøte.  Din hemmelege kode er:  Tårn 1-2-3.  Då kan du få komme inn og får utdelt personleg agentbevis med fingeravtrykk!  Så blir det ulike oppdrag:  Vi skal leite etter forsvunne gjenstandar, løyse kodar og forstå bodskapen i framande ord, blant anna heilt oppe i tårnet – der berre agentar kan gå.

Søndag møtast me att klokka 10.30 presis!  Tårnagentgudstenesta byrjar klokka 11.00 – og då er det tid for å avlegge rapport.  Søndag kan foreldre, sysken, besteforeldre og vener gjerne bli med på gudstenesta.

Vonar du har lyst til å bli med.  Det kostar ingenting å delta.  Det kan vere lurt å ta med lommelykt, notatbok og penn, lupe (om du har) og kule agentbriller og hatt (om du har.)

Påmelding straks og innan søndag 20. januar 2019 til trusopplaering@gaular.kyrkja.no
Ungdomsklubben

Ungdomsklubben på Sande kyrkjelydshus er open annankvar søndag kl. 19.00-21.30
Dei konfirmantane som har ansvar møter ein halv time før for å lage i stand.  Dei er også med å rydde opp att etterpå. Det vil alltid vere minst ein vaksenleiar med.

Vaksenleiarar er: 
Bente Oddny Kandal 97538603
Odd Dyrdal 91825490
Andreas Ester 45221737 (Fungerande sokneprest til 24.03)
Frode Skeide 95100916 (Frå 25.03)

2019:

søndag 06. januar 
søndag 20. januar  
søndag 03. februar 
søndag 17. februar 
søndag 03. mars 
søndag 17. mars 
søndag 31. mars
Twister_Ungdomsklubb.jpg
Nyttårskonsert

Viksdalen Kyrkje 27.januar kl.16.00

For 5 år på rad inviterer Norges Korforbund Sogn og Fjordane til konsert der vi syng for ei god sak. Fire kor har sagt ja til å hjelpe oss med dette. I 2018 gav vi 40 000 til barne og ungdoms avd. ved Førde Sentralsjukehus. Alt overskot i 2019 går til Norsk Luftambulanse avd. Sogn og Fjordane.
  
Vi håpar mange vil komme og høyre på våre flinke kor og vil vere med å støtte ei god sak. Vi har sett ein fast billettpris på 200 kr, då er barn under 16 år gratis. 
Det vil også vere kafé som koristar og publikum kan kjøpe seg ein matbit.

Marianne Hoff
Distriktsleiar Norges Korforbund Sogn og Fjordane
Velkomen til julegudsteneste!

Velkomen til julegudsteneste i Gaular!

Julaftan:
Gaular bygdeheim kl.11.00.
Sande kyrkje kl.13.00, ofring til Kirkens Nødhjelp.
Bygstad kyrkje kl.15.00, ofring til Kirkens Nødhjelp.
Viksdalen kyrkje kl.15.30, ofring til NMS.

1. juledag:
Sande kyrkje kl.13.00, ofring til Kirkens Bymisjon Bergen.



Les meir »
Jul_2018.jpg
jul
Juleevangeliet

Høyr juleevangeliet enkelt gjenfortalt av Anne Kristin Aasmundtveit her: https://www.facebook.com/Bibelselskapet/videos/1905594209470482/

Heile juleevangeliet finner du i Lukas 2.
Bibel.no

Vi ønskjer alle ei velsigna julehøgtid.


Les meir »
SKLH_basar_mini.jpg
Kyrkjelydshusbasaren

Den årlege kyrkjelydshusbasaren er sundag 28. oktober etter gudstenesta som er kl.15.00.
Der blir det mat og drikke, åresal mm.
Vi tek med takk imot gevinstar, som du kan levere på kyrkjekontoret alle vekedagar.
Alle er velkomne!
Bratland_Lien.jpg
GJE MEG HANDA DI

Konserten –GJE MEG HANDA DI- er ein konsert som gjenom solonummer og samspel er basert på songar og slåttemusikk frå vår norske musikktradisjon, og nyskapt musikk til tekster av bl.a. Olav H.Hauge.

No kjem konserten til Villa Åmot.
For dei som har lyst å kjøpe middag før konserten har kokk Thomas Holme Smådal frå Ferske Smakar satt sammen ein to retters meny: 
  • Brød på bordet med ramslauksmør
  • Confitert lår av Sunnfjordlam
  • Karamellisert sjokolademousse og rips frå Eimhjella
Middag vert servert kl.18.00 og konserten begynner kl.20.00.

Kjøp billettar og bestill middag her:
torsdag 18. oktober 
fredag 19. oktober 




Les meir »
Bruk av senkeapparat på Viksdalen gravplass

På gravplassen i Viksdalen har ein tradisjon for bruk av senkeapparat ved gravferder når kista skal senkast i jorda. Ved gravferder på gravplassane i Bygstad, Sande og Hestad er det i dag nytta tau når kista skal senkast. Tidlegare vart det også nytta senkeapparat på desse tre gravplassane men vi må då tilbake meir enn 20 år i tid. Tanken med at pårørande sjølve senkar kista er at det er ein del av sorgprosessen for familien.
Kvifor senkeapparata i Bygstad, Sande og Hestad vart tekne ut av bruk veit ein ikkje, men truleg var årsaka at dei ikkje fungerte slik dei skulle.
Problemstillinga med å vurdere å gå over til å bruke tau har sin bakgrunn i at vi er usikre på kor lenge banda på eksisterande senkeapparat kan vare. Dette inneber ein risiko for at det ved senking av ei kiste så kan banda ryke og i verste fall medføre at kista vert knust.
Ovannemnde er bakgrunnen for at Gaular sokn i møte 17.04.2018 handsama sak GSR 11/18 F Bruk av senkeapparat på Viksdalen gravplass der soknerådet samrøystes fatta følgjande vedtak:
Det vert nytta senkeapparat ved gravferder i Viksdalen t.o.m. 31.07.2018. Deretter vil det verte nytta tau ved gravferdene i Viksdalen når kistene skal senkast i jorda. 




Les meir »
 
Livets_tre_ElisabethMoseng.jpg
Viksdalen føremiddagstreff

Velkommen til Føremiddagstreff
Torsdag 29. november i bygdetunet kl.11.30-13.00.

• Møteplass for foreldre og born
• Sosialt samvær og frie aktivitetar / leikar
• Song og formingsaktivitet
• Matpause med eigen nistepakke
• Medlemspengar: 50 kroner per år (Vipps #514877)

Velkomen helsing Ragnhild, Margit og Eva
Foremiddagstreffet.jpg
Viksdalen føremiddagstreff

Velkommen til Føremiddagstreff
Torsdag 27. september startar vi igjen 
med treff i bygdetunet 11.30-13.00

• Møteplass for foreldre og born
• Sosialt samvær og frie aktivitetar / leikar
• Samlingsstund med bibelforteljing
• Matpause med eigen nistepakke
• Medlemspengar: 50 kroner per år (Vipps   #514877)

Vi satsar på ein eller to samlingar til før jul, men kjem tilbake med dato etter haustferien.

Velkomen helsing Ragnhild, Margit og Eva
Twister_Ungdomsklubb.jpg
Ungdomsklubben

Ungdomsklubben i kyrkjelydshuset startar opp søndag kveld 23. september klokka 19.00-21.30.
Ungdomsklubb annankvar søndag - lett å hugse.

Dei andre datoane denne hausten er:
  • 7. oktober
  • 21.oktober
  • 4. november
  • 18. november
  • 2. desember

Ungdomsklubben er open for alle på ungdomsskulen til og meg vidaregåande.
 
Kontaktinfo

Gaular kyrkjekontor
Førdevegen 12
6973 Sande i Sunnfjord
tlf: 57 71 63 33

Vanleg kontortid:
mandag-fredag
kl.10.00 - kl.14.00

Betaling kyrkjeblad:
i Gaular kr 225,-
utanbygds kr 250,-
bankkonto: 3760.09.08376

Vippsnummer:
Bygstad kyrkje i Gaular #511609
Hestad kapell i Gaular DNK #511611
Sande kyrkje i Gaular #511605
Viksdalen kyrkje i Gaular #511608
Sande kyrkjelydshus i Gaular #541748
Kyrkjeblad i Gaular #512812
Babysong i Gaular #513486
Sande ungdomsklubb i Gaular #511592
Viksdalen føremiddagstreff #514877

Den Norske Kyrkja
Søk i kirken.no:
  
Størst av alt
Kundepålogging

Brukarnamn:

Passord:

Copyright © 2015 Gaular sokn. Powered by KWeb fra kirkedata.no